Får ny sjølvbetjeningshytte på Finse

Finsehytta får eiga sjølvbetjeningshytte.
Finsehytta får eiga sjølvbetjeningshytte. Foto: Norexplore

I mai går startskotet for bygginga av den «nye Brebua», som vil innehalde soveplassar og fungere som sjølvbetjeningshytte utanfor sesongen.

DNT Oslo og Omegn har i lang tid arbeida med ei utbetring av Finsehytta og bygningssjef Anders Gjermo er glad for at dei endeleg kan starte bygginga av eit anneks attmed hovudhytta, som vil fungere som sjølvbetjeningskvarter når Finsehytta er stengd for sesongen.

– Det er godt å ha spikra dette no. Vi har arbeida med dette i lang tid og no har vi avslutta tilbodskonkurransen der vi til slutt landa på bergensfirmaet OBAS Vest. Vi bygger ein ny versjon av Brebua, men i motsetnad til dagens hytte så blir det to etasjar. 1. etasje vil vere universelt utforma og tilgjengeleg for rullestolbrukarar. Underetasjen vil vere tilpassa gjestar som har med seg hund, så vi føler at vi har fått til mykje i dette byggetrinnet, seier Ander Gjermo.

44 sengeplasser

Arbeidet startar i mai og den nye Brebua skal etter planen stå ferdig til 12.desember og vil ha 44 sengeplassar. Det nye annekset er budsjettert til 10 millionar kroner.

Leiar for hytter og ruter-avdelinga i DNT Oslo og Omegn, Jan Erik Reiten, fortel at det er eit etterlengta tilbod som no kjem på plass.

– Det er mange som har etterspurt eit sjølvbeteningstilbod på Finse når hovudhytta er stengd og vi er ganske sikre på at dette vil bli eit veldig populært tilbod. Finse er så lett tilgjengeleg både frå aust og vest at vi er ganske sikre på at skiløparar vil ta hytta i bruk så snart den er ferdig til neste vinter, seier Reiten.

Han får støtte frå Gjermo, som legg til at med den nye annekset på plass ligg alt klart for å starte på oppgraderinga av hovudhytta.

– Det har vore ein diskusjon om vi skulle rehabilitere den eksisterande Brebua eller bygge ei heilt ny hytte. Plasseringa til hytta gjer at den var utsett for fuktproblem. Det, saman med langtidsplanane våre for Finsehytta, førte til at vi enda på at det var mest formålstenleg å bygge ny. No vil den bli flytta nærare Finsehytta og det vil bli ein tettare tunkjensle. Samstundes blir den plassert i terrenget slik at vi får utnytta fallet i terrenget betre og vi unngår vanskeleg drivsnø-problem. Fokuset framover blir oppgradering av hovudhytta, forklarar Gjermo.

Teikningar av den «nye Brebua»

Designskisser av den nye hovudhytta

Oppgradering av hovudhytta

Utviklinga av Finsehytta består av tre prosjekt. Utviding av boligen til betjeninga blei ferdig i 2018, nytt anneks med sjølvbetjening byggast i 2019 og når annekster står ferdig til hausten tek hytter og ruter-avdelinga fatt på arbeidet med sjølve Finsehytta.

– Der håper vi å kunne rehabilitere hovudhytta. Det innebærer ein ny og større resepsjon, stue, spisesal og kjøkken, samt betre dusjfasilitetar. Det er dei grove trekka. Deler av bygget vil også få ein litt meir moderne utsjånad. Eit av hovudmåla med rehabiliteringa er å få til meir miljøvenlege løysinger med tanke på energibruk, fortel Gjermo.