BLOGG: MASSIV-ruten

Følg Sigbjørn og Ruben Bøtun si 350 kilometer lange ferd frå Sota Sæter i Breheimen til Haukeliseter på Hardangervidda. Dei neste 14 dagane skal brødrene saman passere fire store fjellområde.

Dag 8: Iungsdalshytta-Kongshelleren (ca 14 km)

Me starta kl 09 frå Iungsdalshytta og gjekk i god sti oppover mot Kongshelleren. Iløpet av turen måtte me krysse 2 elver, der den eine var unormalt stor. Vading måtte til. Sigbjørn hatar vading. Å gå i kaldt vatn omtalar han som "knivar som stikk i føttene!". Etter den siste elvekryssinga var me like ved Kongshelleren. Der tok me lunch, og kom samtidig som ein gjeng som gjekk frå Geiteryggshytta.

Etter lunsj: Kongshelleren-Geiteryggshytta (ca 14 km)

Under lunchpausen byta både eg og Sigbjørn til tørre fjellsko, før gjekk me vidare. På den flate og nedovervendte løypa frå Kongshelleren til Geiteryggshytta slapp me å vade fleire elver, til stor glede for Sigbjørn. Det var litt snø å gå på, men også her var den fast og fin, og det var aldri noko problem å komme seg mellom vardane.

Tips: Gå til sides for "snø-stien", så er den mindre mjuk. Det er også vegtransport til/frå

Ned bakkane til Geiteryggen gjekk fort og me kom ned ca kl 16:40. Ettersom internett ikkje er supert her, så blir det ikkje lasta opp noko bileter frå turane, men det kjem seinare. I morgon går me iallefall til Finse, evt. endå lengre om me får tid (og krefter) til det.

Elles er formen fin, og me kosar oss på tur. Me har stor tru på at sluttproduktet blir veldig bra, og mange vil følgje fotspora våre.

Dag 7: Breistølen-Bjordalsbu (ca 11 km)

Me starta rundt kl 09 frå Breistølen, kor eg eg klarte å leggje igjen smart telefon og ladar. Men me opprettheld kontakten med omverda gjennom tur-telefonen min.



Opp frå Breistølen til den sjølvbetjente hytta Bjordalsbu var det nydlege forhold. Sola glimta til og det var vakker natur å gå opp dei 400 høgdemetrane. Turen tok oss knappe 3 timar. At Breistølen Fjellstuer er så lett tilgjengeleg for bil/buss, og omgitt av så flotte turmogelegheiter er heilt fantastisk.

Etter lunsj: Bjordalsbu-Iungsdalshytta (ca 16 km)

Etter lunch på Bjordalsbu gjekk me vidare sørover til Iungsdalshytta. Det var til tider mykje snø, men den var relativ fast og fin å gå på. På starten av etappen valgte eg å byte frå joggesko til fjellstøvlar, og Sigbjørn gjekk då i forvegen. Når eg starta å gå igjen gjekk eg forbi han utan å legge merke til det. Eg fortsatte i høgt tempo, samstundes som Sigbjørn prøvde å ta meg igjen. Etter ca 20-30 minutt gange høyrte eg eit rop bak meg, og eg såg han småjogga på steinura. Etter det haldt me følgje.

Nede i Iungsdalshytta fekk me servert fiskesuppe og oksekjøt til middag. Ein lang dag blei avslutta med å leggje seg tidleg.

Dag 6: Sulebu - Breistølen (ca 20 km)

Eg har funne ut at Sigbjørn er svært glad i mat og kvile, så det tok litt tid før me kom oss ut av hytta. Etter å ha laga ein stor frukost, tatt oppvasken, pakka sekkene og rydda ut kunne me låse hytta og starte på turen vidare sørover.

Været denne dagen var mykje betre enn dag 5, og sola steika mellom skyene. Frå Sulebu til Breistølen var det ca 20 km å gå, og relativt flatt. Men me måtte over ein del stein, men det er betre å gå på stein enn blaut snø. Verre var det med dei store mengdene med vatn. 3 gonger måtte me ta av oss på skoa for å vade over bekkar/elver. Me fekk iallefall vaska føttene godt.

På turen møtte me 6-8 turgåarar som gjekk i motsatt retning, noko som er det meste me har opplevd så langt.

På Breistølen Fjellstove var det svært kosleg. Me fekk dusja, ete god middag og rapportert til Sjefen (aka. DNT-Eivind). Fjellstova her ligg godt til rette for ankomst med bilar og ein ypparleg startfase for turar i område. Me gler oss til turen vidare sørover i morgon. Siste beskjed frå Sjefen er at det er veldig fint rundt Iungsdalshytta, som blir vår neste overnattingshytte.

Dag 5: Fondsbu - Slettingsbu (ca 21 km)

Turen starta ca kl 09:10 frå Fondsbu tysdag etter ein stor frukost der me hadde laga store matpakkar, godt førebudd på den lange turen som venta oss. Første del av turen gjekk langs ein grusveg i ca 5-6 km sørover. Deretter gjekk me på sti langs Tyinvatnet i 11 km. Akkurat i det me starta på stien kom ei kraftig byge som gjorde turen vår mykje meir våt enn tidlegare. Regnet ga seg, men stien og myrene rundt var framleis svært fuktige. Heldigvis var stien godt merka i starten, så det var ingen problem med å finne vegen.

Når me kryssa R53 gjekk me oppover mot Slettingsbu. Opp mot toppane kom ei tjukk skodde som gjorde sikten svært dårleg. Takka vere meget bra vardar og merking fann me stien utan å leite for mykje. Opp 300-400 høgdemeter og 3 km i lengderetning fann me Slettingsbu. Me kom fram kl. 14:30 for å ete lunch.Den sjølvbetjente hytta var allereie varm og på veg ut møtte me to hyggelege damer som skulle vere nokre netter på hytta for å gå turar i område.

Etter lunsj: Slettingsbu - Sulebu (ca 14 km)Idet me gjekk ut av hytta kom ei ny kraftig byge, og denne ga seg ikkje med det første. Me blei kliss blaute og det var krevande å gå i tjukk skodde. 

Medan me gjekk sørover måtte me også krysse unormalt store elver/bekkar, difor tok det unormalt mykje tid å gå dei 14 kilometrane. Men elles var stien god. Når me kom ned til E16 var det berre 5 km igjen, og me ga gass. Det tok oss nøyaktig ein time å komme opp til Sulebu frå hyttefeltet ved E16. Klokka var då 20:00 og me var svært glade for å komme under tak.

Sulebu var ei kosleg hytte som har mange besøkande om vinteren/påsken. Både skuleklassar og familie/venegjengar går på ski i område, og etter bilda på veggen såg det legendarisk ut. Det er ganske flatt i mellom dei høge toppane. Suletinden og Sulefjellet er blant anna toppar som kan vere verdt å bestige med ski på beina.

Dag 4: Skogadalsbøen - Fondsbu (ca 28 km)


Den 4.etappen starta frå vakre Skogadalsbøen kl 07:30 med rykande fersk kaffi på termosen. Det finst mange mogelegheiter til å komme seg frå Skogadalsbøen til Fondsbu, men me fekk tips frå Torunn som jobbar på DNT hytta om å gå inn Skogadalen. Etter å ha gått i ca 2 timar i morgonsola tok me ein 90 graders vending sørover for å gå opp på Sagi, ein luftig topp på litt over 2000 meter. 
Turen opp Sagi (2 km og 800 høgdemeter) tok om lag 1 time, men diverre var det ein del skodde, så sikten var ikkje så bra som me hadde håpa på. Ned igjen til stien gjekk raskare ettersom me sklei ned på snøfennene. 
Kl 12 fortsatte me austover i retning Fondsbu. Me møtte på mange turgåarar som gjekk i motsatt retning, så stien var godt tråkka og godt merka. På dei høgste partia (ca 1300-1400 moh.) var det ein del snø, som gjorde turen litt tøffare enn venta.
Det siste partiet gjekk veldig fort, og me kom ned kl 16:30. På Fondsbu møtte me ein kamerat av oss som filma litt med drona si, og det blei veldig stilig. Både meg og Sigbjørn har ganske møre bein i kveld, men er klar for å gå mot Sulebu i morgon, ein endå lengre etappe. Forhåpentlegvis slepp me for mykje snø på bakken, og regn i lufta. 

Dag 3: Sognefjellshytta - Skogadalsbøen (18 km)

Etter ein god frukost på Sognefjellshytta gjekk me sørover, retning Skogadalsbøen. Turen starta i snøvær og vind. Men når me kom til byrjinga av Utledalen kom sola fram. 

I god sti og greit vær gjekk turen svært fint. Det var stort sett berre nedover og me kom ned på ca 4 timar. Me hadde ein kort pause når ei kraftig regnbyge kom over oss. 

Nede i Skogadalsbøen kom me såpass tidleg at me var dagens første gjester. Me fekk tørka alt av utstyr og møtt personalet på hytta. Ein herleg gjeng som er veldig gode på service. 

Skilnaden mellom Sognefjellshytta, som er nesten som eit hotell, og små hytter som Skogadalsbøen er enorm. Under kaffien etter middagen i kveld fekk me framført kulturell fløyte-speling av Torunn.

I morgon skal me ta turen til Fondsbu, kor Vinjerock blei arrangert for nokre få veker sia. Eg kjem då til kjente omgivelsar. På Fondsbu skal me møte ein kamerat av oss som skal, etter planen, filme oss med drone. Det blir nok stiligt, om været blir bra.

Dag 2: Nørdstedalsseter - Sognefjellshytta (30 km)

Vår 2. etappe av den store DNT turen var frå Nørstedalsseter til Sognefjellshytta. Normalt sett ca 25 km, ein 8 timers tur. Me ville starte tidleg, så me starta kl 06:00. Frukost tok me på vegen, ca kl 06:30, akkurat når sola sto opp.   
Me gjekk oppover fjellet og gjekk på hard snø i grei sti. Når me kom på "toppen" hadde me fantastisk panorama utsikt over alle toppane rundt oss.  MEN, når me gjekk oppover ville underbevisstheiten at me skulle filme ein dal som låg litt lenger nord for DNT-stien me skulle følgje. Så etter å ha filma dalen gjekk me tilbake på stien, ca 1,5-2 timar bak skjema.    
På toppen av fjellet var det ein del utydleg merking, som gjor at det gjekk litt seinare enn forventa. Me kom oss heldigvis fram på ettermiddagen. Turen var i krevjande terreng, og eg trur det er betre å starte turen frå Sognefjell for så å gå til Nørstedalsseter.

Dag 1: Sota Sæter - Nørdstedalseter, via Tverrådalskyrkja (26 km)

Me møtte DNT-Eivind til frukost på Sota seter der han fekk ta ein masse bileter og snakka både laust og fast med oss. Så me fekk ikkje starta turen vår før rundt kl 11. 

Byrjinga av turen var i god sti oppover, så langt oppover at me kom til breen. Før me bevega oss oppover mot Tverrådalskyrkja, tok me lunchpause og planla resten av turen. Me har skjønt at alt under turen blir veldig værbestemt. Om det er tjukk skodde og dårleg film-vær, så er det liten vits i å gå på høge toppar. 

På veg opp Tverrådalskyrkja, som me valgte å gå på, sjølv om det er ein liten omveg, letta været og sola titta fram. Det var mykje stein me måtte balansere opp på, men det var verdt det når me kom på toppen. På baksida av Tverrådalskyrkja går det rett ned, bokstavleg tala. Eit massivt stup på over 100 meter går beine vegen ned i ein dal. Og på sida kan ein gå på ein svært spennande egg! Eg likar spesielt skumle eggar, og når alle steinane me går på ser ut til å rase kvart sekund, så blir det spennande! Uheldigvis kom skodda før me rakk å ta nokre gode bileter/filmar, men me våga oss ut på eggen allikevel. Eg kan nesten ikkje førestille meg kor majestetisk utsikta på den 2089 meter høge toppen ville vore med klarvær.  Ein tur eg absolutt vil anbefale!

Turen vidare til Nørdstedalseter blei over Fortundalsbreen, som framleis var dekka med snø frå vinteren, Me gjekk i nye spor frå andre turgåarar og det vart ein liten tempetappe ned til Nørdstedøla. Sigbjørn gjekk gjennom litt snø og blei blaut på beina, eller var det lite å melde om. Det var nok sol til å ta på seg solkrem og solbrillene. Så langt føler eg meg at me har førebudd oss godt nok. 

Me kom fram til Nørdstedalsseter rundt kl 19:15 og fekk ein flott 3-retters middag. Resten av kvelden har me brukt på å lade batteri, overføre videoar på ekstern harddisk, tørke kler, lage niste, dusje og pakke om til i morgon. 

I morgon startar turen kl 06.00 og me skal gå mot Sognefjellshytta. Planen er å gå ende lengre, 

men igjen, alt er værbestemt.

Ruben og Sigbjørn sammen med Jorun Svingen som er bestyrar på Sota Sæter.
Ruben og Sigbjørn sammen med Jorun Svingen som er bestyrar på Sota Sæter.

Foranledning

Førre veke fekk eg ein telefon frå Eivind i DNT Oslo og Omegn, om at eg og Sigbjørn hadde blitt plukka ut av ein haug med søkarar til å gå DNT Oslo og Omegn si nye MASSIV-rute, på ca 350 km. Frå Sota Seter i Breheimen til Haukeliseter i Hardangervidda. 

Me hadde litt dårleg tid, så me starta i dag, og har planar om å gå den på ca 14 dagar, istaden for 21 dagar, som den egentleg er satt til. I løpet av turen skal me filme frå start til slutt med GoPro-kamera på brystet. Me skal overnatte på DNT hytter og formidle dei flotte turmogelegheita som finst i områda. 

Pre-turen starta på torsdag 30.7, og me blei køyrt frå Fresvik til Sogndal av vår greie mor. Derifrå gjorde me dei siste førebuingane med shopping, før me satt oss på 12:15 bussen til Stryn, derifrå buss til Dønfoss kor me blei henta. Ca kl 17.15 kom me til Sota Seter, der ei historierik DNT hytte står midt i ein massiv, vakker dal. 

Ruben Bøtun

Alder: 26
Studerer naturforvaltning ved Høgskulen i Hedmark.
Fortid frå Marinejegerkommandoen. 

Sigbjørn Bøtun


Alder: 22
Har fullført friluftsliv årsstudium på NIH, og skal til høsten begynne på lærerutdanninga ved samme skule.