Han gjorde friluftslivet tilgjengeleg for alle

Thomas Heftye var forretningsmannen, selskapsløva - og mannen bak DNT. No er biografien om han her. 

Gjestebud på Sarabråten i Østmarka i 1870. Denne gong med Ole Bull på besøk, fremst i bildet. Heftye står bak, midt i biletet med hatt.
Gjestebud på Sarabråten i Østmarka i 1870. Denne gong med Ole Bull på besøk, fremst i bildet. Heftye står bak, midt i biletet med hatt. Foto: Ukjent. Utlånt av Christine Heftye/Sarabråtens venner.

Å ha fjellet som leveveg har lange tradisjonar i Norge, om det så var til samferdsle, stølsdrift, jernutvinning, jakt eller fiske. Men etter 1814 oppstod det eit behov for å bli kjend med landet på ein ny måte. Vitskapsmenn og kunstnarar reiste rundt i norske fjordar, fjell og dalar - full av utforskartrong og dåtidas naturbegeistring. Men det var engelske turistar som var blant dei fyrste til å bruka fjellet til tur, klatring og rekreasjon.

"Let og billigt"

"Anten er han spikande galen, elder so er han engelskmann" er eit velkjent uttrykk frå friluftslivet sin fyrste, forsiktige start på 1800-talet. Thomas Heftye og fleire med han tok til å reisa til fjells på oppdagingsferd og for opplevinga sin eigen del. Etter å ha kjent på kva det gjorde med han ville Heftye at fleire skulle få ta del det same. 

 – Det som gjer Heftye spesiell for si tid, er at han såg på naturen som ein verdi i seg sjølv. Han såg kor vakker den norske naturen var og kva det gjorde fysisk og psykisk å vera utandørs. Dette ville han at andre skulle få oppleva. «Lad oss gjøre det let og billigt, at riktig mange kan komme og se, hva der er stort og vakkert i vort land», sa han på stiftingsmøtet til DNT. Sidan då har dette vore ei rettesnor for foreninga, fortel Sverre A. Larssen som har jobba i DNT i over 30 år. 

Frå elite til allemannseige

I april 1866 kom ein del interesserte menn saman og var einige om å danna ei foreining, ikkje etter mønster av dei utanlandske alpeforeningane, men ei foreining med eit norsk særpreg. Her skulle det fyrst og fremst vera vandringa som var det viktige, ikkje erobring av dei høgste toppane. Den 21. januar 1868 var Den Norske Turistforening et faktum.

 – Foreininga hadde nok blitt skipa uansett, men ikkje så tidleg og kanskje ikkje med det grunnlaget det vart. Det var ei brei og folkeleg foreining til å vera på den tid. På 1800-talet var det kun dei mest velståande som hadde tid og råd til å reisa på tur for turen sin skuld, seier Larssen.

Frå 223 medlemmer i 1868, har DNT gått frå å vere for ein liten elite, til å bli ei stor folkerørsle med 315 000 medlemmer. 

Foto: Gyldendal

Den fyrste biografien som er skrive om Thomas Heftye er no til sals. Forfattar er Karsten Alnæs. 

Kjøpe boka? 

En flott gave til en venn eller deg sjølv - det er jo snart jul!

Kom innom i Tursenteret i Storgata 3 i Oslo. Eller gå til nettbutikken:

DNTs nettbutikk

Heftye med venner utenfor stabburet på Sarabråten. Foto: Ukjent, utlånt fra Oslo Museum.

Fyrste biografi 

Det har vore skrive mykje om DNT, men ikkje like mykje om Thomas Heftye. Ein av dei mest kjende norske forfattarane i Norge, Karsten Alnæs, har på oppdrag frå DNT skrive tidenes fyrste biografi om nettopp - Thomas Heftye. Alnæs er blant anna kjend for sitt omfattande fembindsverk Historien om Norge. I boka teiknar han eit bilete av ein mann som sette spor etter seg, på svært mange felt; 

Han vart kalla den "store Heftye". Thomas Heftye var del av det meste som skjedde i Norge på midten av 1800-talet, både i politikken, i bankvesenet og i jernbanedrifta. Han var styrtrik, rastlaus, impulsiv og likevel tilsynelatande ubekymra. Han inviterte det store nettverket sitt til samtalar og selskap på Sarabråten i Østmarka, med blant andre Henrik Ibsen, Ole Bull og Aasmund Olavsson Vinje som gjestar, seier Alnæs. 

 – Det var på Sarabråten ideen til DNT blei sådd. Dette var Heftye sin feriestad på sommarstid, og gjekk, på den tida, for å vera fjell. Når ein les hyttebøkene frå Sarabråten er dei skrivne som om ein er i eit fjellområde, fortel Sverre A. Larssen.

"Sara" var ein av Heftye sine tre båtar på Nøklevann i Østmarka.
"Sara" var ein av Heftye sine tre båtar på Nøklevann i Østmarka. Foto: Ukjent, utlånt av Christine Heftye/Sarabråtens venner.

Skrevet av Mari Stephansen 1. november 2018