Avlyst Vårskitur i Jotunheimen

Fellestur

Fra dato
30. april kl. 13:00
Til dato
3. mai kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Skitur, Voksne
Arrangører
Vandregruppa, DNT Oslo og Omegn
Turområde
Jotunheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Dei finaste fjellskiturane får ein ofte om våren. Dagane er lange, sola står høgt på himmelen, og så lenge det nattefrost, er det ofte godt skiføre. Dei ekstra fridagane i mai gir rom for ei langhelg i fjellet utan å bruke opp for mykje av ferien. Vi reiser med Valdresekspressen torsdag 30. april kl 1305 til Tyinkrysset, og rekk å gå inn til Sletningsbu før det vert mørkt. Neste dagsetappe går til Fondsbu. Deretter frå Fondsbu til Torfinnsbu. Om veret og tilhøva ligg til rett for det, går turen gjennom Langedalen, ei flott rute der vi kjem nær inn på fjella i området mellom Bygdin og Gjende. Men nærleiken til fjella gjer og at det kan vere skredfare. Er veret dårleg, går turen gjennom Vølodalen sør for Bygdin. Siste dagsetappen går til Beitostølen og med Valdresekspressen heim att til Oslo. Turen frå Fondsbu til Torfinnsbu gjennom Langedalen er ein lang dagsetappe i krevjande fjellterreng, og turen er difor gradert som ekstra krevjande. 

Vandregruppa arrangerer turane til sjølvkost. Deltakarane ordnar med bussbillettar sjølve og betaler for seg på hyttene.

Oppreise: Valdresekspressen torsdag 30.04. kl 1305 frå Oslo bussterminal til Tyinkrysset.

Heimreise: Valdresekspressen sundag 03.05. kl 1815 frå Beitostølen.

Viktig informasjon om fellesturar vinter: Før du melder deg på ein tur, les: "Viktig informasjon - fellestur vinter".

Vilkår for deltaking på fellesturar: Når du melder deg på denne turen, stadfester du at du har lese og aksepterer vilkåra som står i "Vilkår for deltakelse på fellesturer med DNT i Norge"." 

Utstyr:  DNTs pakkeliste for skiturar i vinterfjellet

Turleiarar: Sveinung Helgheim og Pernille Voll.

Påmelding: Frå 10. februar. Bruk påmeldingsknappen, ikkje e-post til turleiar. Men turleiar kan sjølvsagt gjerne kontaktast på e-post om spørsmål til turen.

Vårskitur i Jotunheimen

Dei finaste fjellskiturane får ein ofte om våren. Dagane er lange, sola står høgt på himmelen, og så lenge det nattefrost, er det ofte godt skiføre. Dei ekstra fridagane i ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Anne Pernille Voll
  • Sveinung Helgheim