Jenter på topp i Skarvheimen

Kurs

Fra dato
17. april 2020 kl. 18:00
Til dato
19. april 2020 kl. 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Kurs, , Fjelltur, Topptur, Skredkurs, Kartogkompass, Randone, Jenterpåtur, Jentekurs, Randohelg, Jenterpåtopp
Arrangører
Geiterygghytta, DNT Oslo og Omegn , Fjellboms
Turområde
Skarvheimen (se kart)

Randohelg fredag 17.- søndag 19.april

Skarvheimen er eit uoppdaga topptureldorado med fantastiske linjer og urørte fjellsider. Med utgangspunkt i trivelege Geiterygghytta, får du pudder for deg sjølv, og du kan gå til topps utan å gå i kø. Du kan køyre bratt og du kan køyre lange, slake sider.

Jentetopptur i Skarvheimen passar for deg som har stått litt frå før, og har lyst til å dele skiglede med andre jenter. Kom åleine, ta med deg ei veninne eller beste gjengen og bli med på ei sosial, toppturhelg saman med Fjellboms og Geiterygghytta.

Den erfarne instrutøren og toppturentusiasten Stian Hovi gudiar alle trygt til alle godbitane. Vi legg opp turen basert på ferdigheitene til deltakarane, og sjølvsagt ut frå snøforholda. Helga vert først og fremst lagt opp som tur, men Stian deler med glede tips om teknikk og vurderinag av skredfare. 

Sjølvsgt skal vi kose oss masse, både med skikøyring og framfor peisen! 

Fredag

Frå parkeringsplassen ved fylkesveg 50 er det ca. 5km langs kvista løype til Geiterygghytta. Bagasjetranport er inkludert i kursavgifta, om du ønsker det. Sjå punktet Transport for fleire detaljer. 

Vi møtes på hytta og et felles middag kl 19.00. Etter middag har vi ei sosial samling i peisestova med presentasjon og informasjon om morgodagen. 

Laurdag

Vi startar dagen med ein god frukost. Vi smør niste og fyller termosen, før vi renner ned til bilane ved vegen. Vi køyrer eit kort stykke, slik at vi får kortast muleg anmars til dei finaste toppane. Kva topp vi tar, er avhengig av ver- og snøforhold, i tillegg til gruppa sine ønsker. Det fins også alternativ der vi går direkte frå hytta. Vi kryssar fingrane for pudder og sol! 

Sjølvsagt skal vi lage oss ein skikkeleg lunchplass, før vi nyter utførkøyringa tilbake til bilane, og går den siste biten inn til hytta. På Geiterygghytta venter varm dusj, fyr på peisen og nydeleg, heimelaga tre-retters middag. 

Utover kvelden har me det sosialt i peisestova. 

Søndag

Etter ein deileg frukost med utsikt til kvite toppar, pakkar vi oss klare og renner ned til bilane ved vegen. Vi tek dagens topptursekk på ryggen. Øvrig bagasjer vert frakta ned. 

Dagens turmål vert bestemt ut frå ver- og føre. Vår erfarne guide sørger for at vi vel den optimale ruta. Kanskje vert det Urdevassnutane med høste topp på 1770 moh, og magisk nedkøyring. I løpet av dagen et vi lunch. Førnøgde nede ved bilane på ettermiddagen er det tid for farvel og heimreise

Ferdigheter og utstyr

Turen krev at du har stått litt på randoski tidlegare, utan at du er supergod. Det er ein fordel at du har delteke på skredkurs tidlegare, sjølv om dette ikkje er eit krav. Vi anbefaler alle som går toppturar å delta på skredkurs. Sikkerheitsutstyr so spade, søkestang og skredsøker må alle ha. Har du ikkje eige, gi beskjed før kurset, så får du låne dette. 

Manglar du ski, støvlar eller staver kan du leige. Vi treng informasjon om skostørrelse, høgde og vekt. Du må også bruke hjelm. 

Pris

Prisen inkluderer 2 overnattingar i 4- sengsrom, alle måltid, instruksjon, guding, lån av skredsøkar og eventuell bagasjetransport.  Drikke og anna betaler kvar enkelt i tillegg. 

Reise er ikkje inkludert, og vert organisert av kvar enkelt. 

Pris DNT-medlem kr 4 395,-
Pris ikkje-medlem kr 4 795,-

Jenter på topp i Skarvheimen

Randohelg fredag 17.- søndag 19.april Skarvheimen er eit uoppdaga topptureldorado med fantastiske linjer og urørte fjellsider. Med utgangspunkt i trivelege Geiterygghytta, får du pudder for deg sjølv, og du kan gå ...

Kontaktinformasjon: