Søk i hytter i hele Norge

Vis avansert søk

Senger
Ubetjent: 31
Geografisk
Jotunheimen
Kontaktinformasjon
Kontakt Luster Turlag for mer informasjon om hytta.
Eies av
Luster Turlag
Del | Tilbake | Skriv ut | Tips en venn

Ubetjent turistforeningshytte Fuglesteg (630 moh.)

Vis i kart

Den gamle fjellgarden Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun og er ein opplevelse av dei sjeldne. Plassen vart rydda rundt 1650 og det budde ein, og etterkvart to familiar der oppe i tre hundre år. I 1946 vart det eine bruket fråflytta og i 1968 det andre. Det store toetasjes steinhuset som vart bygt i 1830 vart brannskada i 1985. Luster Turlag har sett i stand huset og dette kulturminnet er no teke i bruk som ubetjent turisthytte. Her er det 23 senger. Låven er og satt i stand og har 8 senger. Fuglesteg egner seg godt til skoleklasser.

Steinstova er låst med standard DNT-nøkkel. Det er ikkje mat lagra i husa, men i sommarsesongen har turlaget dagleg servering av hellekaker med rømme/ syltetøy og kaffi/ saft.
Sjå opningstider sommar 2010 her

Fjøsbygningen er no eit stort fellesrom som kan nyttast som selskapslokale, til konsertar og andre større arrangement. Der er bord til å dekka opp til ca 80 personar og stolar til 150 for konsertar og liknande

Det vera ein spanande dagstur til Fuglesteg enten frå Fortun eller Turtagrø. For dei som går frå hytte til hytte vil Fuglesteg vera eit naturleg start- eller avslutningspunkt på turen. Det er merka rute til Turtagrø. Då er ein inne på rutenettet til Jotunheimen via Skogadalsbøen eller Fanaråkhytta, og til Breheimen via Stølsdalen. Dessutan er det praktfulle turar å ta på sørsida av Austabottindane via Gravdalen til Gravdalen, Avdalen, Vetti eller Stølsmaradalen i Årdal.  

Besøk på nabogarden Furåsen kan vera interessant, og derifrå kan ein å gå opp på vårstølen Hovden.

Steinstova i Fuglesteg skal til einkvar tid vera låst med DNT sin standardlås. Dersom du ikkje har nøkkel, kan du få tak i den hjå leiaren i Luster Turlag, Stein Bugge Næss, 6875 Høyheimsvik (Luster Fjordhytter), tlf. 57 68 65 00. Nøkkelen kostar kr. 100,- (depositum) og du må vera DNT-medlem for å få kjøpe nøkkel.

Fuglesteg kan brukast frå omlag 1. mai til 1. november. I vinterhalvåret kan det vera is, ras og farleg å gå opp.

Prisar for overnatting og dagsbesøk

Legg pengar i konvolutt med namnet ditt på og skriv kva beløpet gjeld, eller skriv namn, adresse og kontonummer på konvolutten og ta med deg giro og betal i banken.

Dei som har Luster Sparebank som sin bank, kan fylla ut ein bankgiro og signera denne, så kan me gå i banken med den.

  Medlem DNT Ikkje medlem
Dagsbesøk kr. 40,- kr. 50,-
Overnatting vaksne kr. 150,- kr. 200,-
Overnatting ungdom 13-26år kr. 75,- kr. 100,-
Overnatting born (saman med føresette)            Gratis               Gratis

Betalinga dekker bruk av gass, brensel, lys, reinhald og generell slitasje.

Grupper og skuleklassar kan ta kontakt med leiaren i laget og få spesialpris. Ring tlf. 57 68 65 00.

Pass på å vaska og rydda fint etter deg.
NB! Hugs å stengja av gassen før du går. Sjekk at dørene er stengde som når du kom!


Adkomst

Sommer:

Turen opp startar frå RV 55 rett etter første svingen over Coop- butikken i Fortun. Det er god plass for parkering av bilar på grusbana som ligg mellom Fortuna Kafe/Pensjonat og skulen. Dersom det er plass, går det også an å parkere på venstre side like forbi fyrste venstresving etter at du har passert butikken i Fortun på vegen mot Sognefjellet. Start på motsett side av riksvegen. Her er det sett opp informasjonstavle, grind og skilt der ein skal ta av. Hugs å lata att grindane etter deg! Dei fleste vil bruka 1 til 1,5 timar opp.

Alternativt kan ein starta på merkt sti frå Berdalsfjellet på Tindevegen mellom Turtagrø og Årdal. Turen ned frå ca 1300 meters høgde via stølane Berdalen og Heimdalen vil ta 2-2,5 timar.

Vinter:

Fuglesteg kan brukast frå omlag 1. mai til 1. november. I vinterhalvåret kan det vera is, ras og farleg å gå opp.


Åpningstider og betjeningsgrad

Fra Til Betjeningsgrad Nøkkeltype Kommentar
01.05.10 01.11.10 Ubetjent DNT-nøkkel Ope for servering og omvisning i høgsesongen og nokre helgar i for- og etterkant.

Ruter tilknyttet hytta

Sommer - Vinter
Kode Etappe timer km Sesong Område
jot73 Fortun - Fuglesteg 1,5 t opp 1 t ned Sommer Jotunheimen
jot74 Fuglesteg - Berdalen Opp 1 1/2, ned Sommer Jotunheimen

Turforslag

Sommer - Vinter
Det er ingen sommerturforslag tilknyttet denne hytta.

Værvarsel for Fuglesteg

Flere varsler fra yr.no: Time for time (meteogram) - Oversikt - Neste helg

Fredag 3. september

Sol/klarvær 10° Svak vind, 2,1 m/s fra nord-nordvest
Sol/klarvær. Svak vind, 2,1 m/s fra nord-nordvest.

Lørdag 4. september

Sol/klarvær 11° Flau vind, 1,0 m/s fra vest
Sol/klarvær. Flau vind, 1,0 m/s fra vest.

Søndag 5. september

Sol/klarvær 14° Svak vind, 1,2 m/s fra vest
Sol/klarvær. Svak vind, 1,2 m/s fra vest.

Mandag 6. september

Sol/klarvær 17° Svak vind, 1,2 m/s fra Øst-sørøst
Sol/klarvær. Svak vind, 1,2 m/s fra Øst-sørøst.

Tirsdag 7. september

Delvis skyet 15° Svak vind, 2,1 m/s fra sørøst
Delvis skyet. Svak vind, 2,1 m/s fra sørøst.

Onsdag 8. september

Sol/klarvær 14° Svak vind, 2,0 m/s fra sørøst
Sol/klarvær. Svak vind, 2,0 m/s fra sørøst.

Torsdag 9. september

Sol/klarvær 14° Svak vind, 1,9 m/s fra Øst-sørøst
Sol/klarvær. Svak vind, 1,9 m/s fra Øst-sørøst.

Fredag 10. september

Sol/klarvær 13° Svak vind, 1,5 m/s fra Øst-sørøst
Sol/klarvær. Svak vind, 1,5 m/s fra Øst-sørøst.

Lørdag 11. september

Skyet 12° Svak vind, 1,5 m/s fra sør-sørvest
Skyet. Svak vind, 1,5 m/s fra sør-sørvest.


Bilder



Gi oss din tilbakemelding

Er det feil/mangler i informasjonen over, eller har du forslag til hvordan vi kan gjøre våre nettsider bedre? Send tilbakemelding.